Heim / Nyheter / «HULDRA OG ASKELADDEN TIL VERDAS ENDE»

«HULDRA OG ASKELADDEN TIL VERDAS ENDE»

publikum

 

Skånevik Teater er klare for å presentere årets barneforestilling! I år vil me lansere ei heilt ny forestilling, i den no etablerte Pippifestivalen her i Skånevik. Pippifestivalen vert gjennomført for 9. året på rad. Her, i hotellhagen til Skånevik Fjordhotel, har me tidlegare presentert både Pippi og Emil, men óg Lindas dyrehage, eventyrstund, minisirkus og parade, i tillegg til eit forfriskende bad, om det freistar, på Peparen, og festlige kaker hos Larsen Bakeri – Bakeriet i Skånevik. Ja, her får du fantastisk stemning med barneteaterfestival og sommar i idylliske Skånevik!

I år har me dette -og meir til! Me har eit lag med erfarne skodespelarar; barn, unge og litt eldre. Og sist, men ikkje minst, eit fantastisk orkester ! Ikkje alle teater i Norge kan skilte med levande musikk i orkester»grava» i desse dagar, men det kan me i Skånevik!

Du lurer kanskje på kva teaterforestilling me spelar i år?

«HULDRA OG ASKELADDEN TIL VERDAS ENDE»

Det skal bli gjensyn med dei kjente figurane, men og huldrene i Juraskaret her i Skånevik! Her blir det elleville påfunn i Askeladden sitt univers! Er du med? Me er klare !!

Top