Pause for Pippifestivalen
7. mars 2023
Pippifestivalen tek ein pause
Det blir ikkje noko Pippifestival i Skånevik i regi av Skånevik Teater til sommaren.
Med unnatak av somrane 2020 og 2021, då det var koronarestriksjonar, har Pippifestivalen vore eit fast sommarinnslag i Skånevik andre helga i juli sidan 2012. Men no er det slutt. Iallfall inntil vidare og i dagens form.
Skånevik Teater , som har stått bak festivalen i samarbeid med Skånevik Fjordhotel, har bestemt seg for å ta ein pause. Hovudårsaka er at det var svært tungt å arrangera festivalen i fjor, etter koronapausen. Det var ikkje like lett å få sponsorarar som tidlegare år, og førehandssalet nådde heller ikkje gamle høgder.
Då er ein i stor grad avhengig av vêrgudane for å komme i hamn økonomisk, noko ein akkurat så vidt klarte i 2022, mest grunna mykje dugnadsjobbing.
– Erfaringane frå i fjor, og slik stoda er no, så manglar eg gnist og motivasjon til å ta på meg eit så stort arrangement til sommaren. Det synest eg er svært trist, både for eigen del, for bygda, næringslivet, aktørane og ikkje minst publikum, men den økonomiske risikoen og jobbmengden er for stor, og organisasjonen er for liten. Difor blir det ikkje noko Pippifestival til sommaren, dessverre. Me håpar å arrangere festival i 2024 då med Pippi Langstømpe i teateret, seier dagleg leiar i Skånevik Teater, Theresa Tungesvik Hereide.
Pippifestivalen har dei siste åra samla gjennomsnittleg 2000 publikummarar i hotellhagen. Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget og Ronja Røverdatter er blant teaterframsyningane som har stått på plakaten. I tillegg har det vore dyrehage, sirkus, bondesafari og parade gjennom gata.
Suksess: Fjorårets festival, men Emil i Lønneberget, vart ein suksess, og publikum strøymde til på søndagen, då veret var fint. Men det var ikkje utselt dei andre dagane. Mykje arbeid ,stor økonomisk risiko og prisauke er årsaka til at det ikkje blir ny festival i regi av Skånevik Teater til sommaren, seier produsent Bård Henrik Hereide. Det er usikkert om det blir arrangert eit alternativt arrangement av Skånevik Fjordhotell festivaluka.
Skånevik Teater,
Bård Henrik Hereide
Theresa Hereide