Forfatter: pippifestivalen

Pause for Pippifestivalen

Pippifestivalen tek ein pause
Det blir ikkje noko Pippifestival i Skånevik i regi av Skånevik Teater til sommaren.
Med unnatak av somrane 2020 og 2021, då det var koronarestriksjonar, har Pippifestivalen vore eit fast sommarinnslag i Skånevik andre helga i juli sidan 2012. Men no er det slutt. Iallfall inntil vidare og i dagens form.
Skånevik Teater , som har stått bak festivalen i samarbeid med Skånevik Fjordhotel, har bestemt seg for å ta ein pause. Hovudårsaka er at det var svært tungt å arrangera festivalen i fjor, etter koronapausen. Det var ikkje like lett å få sponsorarar som tidlegare år, og førehandssalet nådde heller ikkje gamle høgder.
Då er ein i stor grad avhengig av vêrgudane for å komme i hamn økonomisk, noko ein akkurat så vidt klarte i 2022, mest grunna mykje dugnadsjobbing.

– Erfaringane frå i fjor, og slik stoda er no, så manglar eg gnist og motivasjon til å ta på meg eit så stort arrangement til sommaren. Det synest eg er svært trist, både for eigen del, for bygda, næringslivet, aktørane og ikkje minst publikum, men den økonomiske risikoen og jobbmengden er for stor, og organisasjonen er for liten. Difor blir det ikkje noko Pippifestival til sommaren, dessverre. Me håpar å arrangere festival i 2024 då med Pippi Langstømpe i teateret, seier dagleg leiar i Skånevik Teater, Theresa Tungesvik Hereide.
Pippifestivalen har dei siste åra samla gjennomsnittleg 2000 publikummarar i hotellhagen. Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget og Ronja Røverdatter er blant teaterframsyningane som har stått på plakaten. I tillegg har det vore dyrehage, sirkus, bondesafari og parade gjennom gata.

Suksess: Fjorårets festival, men Emil i Lønneberget, vart ein suksess, og publikum strøymde til på søndagen, då veret var fint. Men det var ikkje utselt dei andre dagane. Mykje arbeid ,stor økonomisk risiko og prisauke er årsaka til at det ikkje blir ny festival i regi av Skånevik Teater til sommaren, seier produsent Bård Henrik Hereide. Det er usikkert om det blir arrangert eit alternativt arrangement av Skånevik Fjordhotell festivaluka.
Skånevik Teater,
Bård Henrik Hereide
Theresa Hereide

Endring

Viktig melding!!!

Grunna gravferd må me diverre utsetje premiereframsyninga på Pippifestivalen frå kl. 17 til kl. 19 torsdag 7. juli. Me vonar at de har forståing for dette, og håpar det ikkje får følgjer for planane dykkar denne dagen. Dersom de ynskjer å byte billett til ein annan dag er det berre å ta kontakt: post@pippifest.no

 

Allsong i hagen utgår også på lørdag.

Hovudroller – Emil og Ida

Me er stolte av å kunne presentera årets hovudroller Emil og Ida!
Håvard Gilje Kausrud er 9 år og kjem frå Bømlo. Live Serine Eljervik er 7 år og kjem frå Skånevik. Saman på scena får dei med seg aktørar frå heile Vestlandet.

Hjarterom

Søkeren:

«Hjarterom» handlar om å kunna gi noko til barnefamiliar som vil ha glede av ein ferie, men som av ulike årsakar ikkje har midler eller mulighet til det. Barnefamiliar kan søke Skånevik Teater som arrangerer Pippifestivalen om dette tilbudet. Målet er at familien og barna skal få eit godt sommarminne saman. Ein kan søka om dette tilbudet ved å fylle ut skjemaet. Tilbudet vil være gratis teaterbillettar til forestillingen Torsdag eller Søndag.

GÅ TIL SØKNADSSKJEMA

 

Giveren:

Pippifestivalen er ein festival for alle. Me vil derfor gi eit tilbud til familiar som ikkje har midler eller mulighet for å delta. Som giver bidrar du til at fleire barn kan oppleve Pippifestivalen 2022. Skånevik Teater bidrar med 11.800 kr. (40 billettar)

Kjøper du ein «Hjarterom,» billett vil denne direkte hjelpe fleire barn og familiar. Det vil totalt være tilbud om 200 hjarterom-billettar. Det vil være søknadskjema for desse billettane.

GI HJARTEROM-BILLETT HER