OVERNATTING

Under Pippifestivalen er du hjarteleg velkommen som gjest på Skånevik Fjordhotell

Om sommaren er vår store, nydelege hotellhage fylt med leik og moro – og denne helga er det ekstra fest og stas med Pippifestivalen 2023!

Under festivalen kan både store og små boltre seg i bygda – med søtsaker frå konditoriet, handling i småbutikkane – eller dåke kan besøke badeøya 100 meter frå hotellet. Skånevik har storslått naturopplevingar for dei som øsnkjer det – eller dåke kan berre nyte, leike og ha det gøy på hotellet og i hotellhagen.

Skånevik Fjordhotel består av eit samanhengande hovudbygg i to etasjar,og hotellet har 51 rom med til saman 115 sengeplassar. 

I fyrste etasje finn du resepsjonen, restauranten, baren og kjøkenet. Her ligg dessutan konferansesalane våre; Skåno, Peparen og Møterom Vest, Peisestova – samt diverse andre fasilitetar for kos og hygge – som til dømes dansegolv og scene til bruk i forbindelse med konsertar eller øvrige arrangementer.

Booking telefon : 917 03 536